Hopp til hovedinnhold
0

Bergen ungdomslag Ervingen, Barnelaget

Ikke noe bilde

Barnelaget i Bergen ul Ervingen er saman med sine instruktørar og spelmenn invitert til å delta på festivalen og utvekslinga i Austerrike, saman med deltakarar frå diverse andre land. På festivalen skal alle deltakarane ha framsyning med dans og musikk frå sitt eige land, ulike stader i området. I tillegg vert det utveksling av dans og musikk frå dei ulike landa som deltek. Dvs at me skal ha kurs for dei andre deltakarane i norsk folkedans og musikk, samt at me skal læra dansar frå dei andre landa frå dei andre gruppene. Me jobbar for å vera inkluderande, der alle kan delta på like premissar uansett økonomisk og kulturell bakgrunn. Me ynskjer difor å kunne dekka utgifter for alle våre deltakarar. Dette gjer at alle i barnelaget skal ha moglegheit til å delta, og at deira føresette ikkje treng å bekymre seg for det økonomiske ved å delta på festvalen, og skapa gode minne og opplevingar dei kan ta med seg vidare i livet.

AQ
Anonym

Hva syns du om Qudosen?

Ingen kommentarer