Hopp til hovedinnhold
0

Eikanger-Bjørsvik Musikklag

Ikke noe bilde

Eikanger-Bjørsvik er eit av verdas beste brassband. Sidan 1997 har me kvart år gjennomført vårt eige musikksommerkurs tors.-sønd. for ca 100 born og unge mellom 11 og 19 år. Prisen for å delta har lagt fast sidan oppstart slik at flest mogleg kan ha økonomi til å delta. Å halde prisen vert tyngre for kvart år. Det å vere med på kurset fremmer god mental helse og livskvalitet, gjennom å bidra til oppleving av meistring av instrumentet for korpsmusikanter, til beste for den enkelte musikant, korpset, samfunnet rundt og korpsnorge. EBML vil gje musikantar moglegheitar til å oppleve mestring på sitt nivå. Vil også nemne at skulekorps er barn og ungdom i aldersgruppa 11-19 år. Dette er ein viktig læringsarena for sosialisering, raushet og inkludering på tvers av aldersgrupper, kjønn, etnisitet, hudfarge, legning, funksjonsevner eller kulturell og sosial bakgrunn. Sjå meir om dette og andre samfunnsprosjekt på www.ebml.no Frode Rydland Leiar Eikanger-Bjørsvik Musikklag

FR
Frode

Hva syns du om Qudosen?

Ingen kommentarer