Hopp til hovedinnhold
0

GEIRANGER IDRETTSLAG

Ikke noe bilde

Geiranger Idrettslag har starta eit offansivt prosjekt der ein ønsker å renovere Geiranger Ballbinge og tilstøytande skulagard. Geiranger Ballbinge er Møre og Romsdal sin eldste ballbinge frå 1996 og med dette prosjektet vert bingen Møre og Romsdal sin første binge som vil få eit nytt miljøvennleg dekke, der plastgranulaten vil bli erstatta av ei fyllmasse som er 100% plastfri. Når prosjektet er i mål så vil bingen framstå som ein heilt ny, miljøvennleg ballbinge. Ballbingen ligg ved Geiranger Skule og barnehage. Anlegget vert difor mykje brukt av vår eigne barn og unge, men også alle dei barn og unge som besøker og jobbar i smellvakre Geiranger er hyppige brukarar av anlegget. Dette er desidert vår viktigaste arena for våre barn og unge. Geiranger IL fortener ein Qdos for den enorme innsatsen som blir lagt ned av alle dei frivillige som bidreg i prosjektet. Geiranger bygda er inne i ein positiv driv og dette året er vi også vertskap for eit prinsessebryllup. Stas om Q vert med oss!

AT
Anonym

Hva syns du om Qudosen?

Ingen kommentarer