IDRETTSLAGET SOLID
IL Solid Symjing er foreldrestyrt og dugnadsbasert! Målet er at flest mogleg i kommunen skal lære seg å symje, og bli ein framtidig livbergar i samfunnet. Det er viktig å halde prisen for symjeopplæringa nede på eit nivå alle kan ha råd til. Derfor stiller føresette opp som instruktørar og ansvarlege. Berre for konkurransesymjarane gjekk det over 5.000 timar dugnad fordelt på 2 trenarar. Seriøs Qudos til dei!!!! Dei står på for at ungdommane skal ha eit fritidstilbod, og kunne bli god i sin sport! Symjarane er heilt på høgde med resten av landet, og hevdar seg godt! Men økonomien er stram, utøvarane og trenarane betaler mykje sjølv! Hadde vore fint med litt økonomisk påfyll for å vise at dei blir sett.
Ingen kommentarer