Hopp til hovedinnhold
0

Skei Skulemusikk

Ikke noe bilde

Skei Skulemusikk vart stifta i 1970, men etter fleire år med manglande rekruttering, måtte dei ta ein pause i åra 2019- 2021. Hausten 2021 starta dei opptatt med ny instruktør og entusiastiske aspirantar. No er korpset i god vekst og tel heile 31 musikantar i alderen 10- 15 år i tillegg til 2 vaksne. Skei Skulemusikk er eit tilbod til alle born, utan noko reservebenk. Korpset bidreg til ein sosial møteplass utan krav om prestasjonar. Musikantane får instrumentopplæring og opplever meistring, samspel og glede på tvers av alderstrinna, samstundes som dei sprer glede og musikalske opplevingar for bygdefolket Vi i bygda er glade for at vi endeleg har eit skulekorps igjen. Dei fortener økonomisk støtte til innkjøp av naudsynte instrument og vidare drift og sosiale aktivitetar for musikantane.

AU
Anonym

Hva syns du om Qudosen?

Ingen kommentarer